MELÅS © 2012 • Privacy Policy • Terms of Use

 

 

NYHENDE

 

 

• Vi etablerer oss i aust»

Vi er no i ferd med å etablere vårt første individuelle tiltak på austlandet. Ta kontakt for meir info. 

 

• Tal tilsette aukar»

Tal tilsette i MELÅS har passert 90 personar og er stadig veksande.

 

• Barnehjelp Afrika»

Alle tilsette i MELÅS gir minst kr 100,- pr månad til Barnehjelp Afrika, konto 3705.13.33587 - merk betalinga med ditt namn.

 

 

 

Velkommen til MELÅS sine heimesider.

 

MELÅS driv hovudsakleg med individuelt retta bu- og omsorgstiltak for brukarar med spesielle hjelpebehov. Vi jobbar innanfor eit vidt spekter av problemstillingar og diagnosar men den største brukargruppa vår og som vi har mest kompetanse på er akuttetablering av bu- og omsorgstilbod til brukarar som er på veg ut frå institusjon (psykiatri, rus, fengsel, ungdomsheim, etc) eller som havnar i ein akutt situasjon i heimen eller i ei livskrise av andre årsaker. Vi etablerer bu- og omsorgstilbod både i høve til tvungen omsorg, soning eller vilkårsopphald, barnebustad, psykiatri, rus, asperger, adhd, OCD, traumer, prader willi syndrom, angelman syndrom, etc. Utagerande eller valdeleg atferd, både fysisk, verbal og non-verbal er ofte tilleggsproblematikk som våre tilsette har kompetanse på og er vane med å løyse på ein god, konstruktiv og læringsbasert måte for brukar.

 

I tillegg tilbyr vi avlastning, dag- og arbeidstreningstiltak, kurs og opplæring, rådgjeving og rettleiing, samt utleige av vikarar innan helse og omsorg.  

 

MELÅS jobbar ut frå eit prinsipp og ei tru på at alle har eit potensiale i seg til positiv endring og vi legg difor vekt på individuell tilpassing for å oppnå best mogeleg resultat og for å sikre at den enkelte bebuar vert minst mogeleg ressurskrevjande på sikt. Vår suksess er svært ofte at vi gjer ting litt anleis enn alle andre. Mange, både bebuarar og oppdragsgjevarar opplever ofte at alt har vore prøvd. Vi viser gang på gang at så ikkje er tilfelle og saman finn vi gode metodar for positiv utvikling.

 

MELÅS si vektlegging av individuelt tilpassa opplegg gjer at vi fagleg sett er eklektiske og ofte også må tenkje utradisjonelt i høve til fagleg tilnærming og fagleg forankring, men den raude tråden hjå oss er positivt og utviklande miljøarbeid og kognitiv atferdsterapi, ofte i kombinasjon med f.eks traumeheling og ptsd-relatert psykoterapi. Vi nyttar også avtalestyring og belønningssystem i vårt arbeid med våre bebuarar og vi har stort fokus på ansvar og grenser.

 

MELÅS vart stifta og er eigd av psykolog Per Steinar Melås. Han driv og personalrettleiing for bedrifter, kurs og seminarverksemd og klinisk utgreiings- og behandlingsarbeid. Han nyttast også ofte som sakkunnig for rettsapparatet. I Melås AS har han stilling som fagleg ansvarleg.

 

Thore Hopperstad er direktør for selskapet. Han er sosionom og har tilleggsutdanning innan administrasjon og leiing og har mange års erfaring frå rusomsorg, politi- og fengselsvesen, sosialteneste og frå kommuneleiing, m.a. fleire år som kommunalsjef for helse og omsorg.

 

Vi har ein organisasjon som gjer oss i stand til å ta på oss nye utfordringar på både kort og lang sikt. Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod eller eit presentasjonsmøte. Vi tek imot oppdrag frå heile landet og tek gjerne eit besøk hjå dykk for å presentere oss og mulige løysingar.

 

Normalt vil vi kunne ha eit nytt akutt-tiltak opp og gå i løpet av ei veke, også raskare ved behov.  

 

Logoen vår er eit symbol på omsorg - omsorg for enkeltmennesket! 

 

 

 

 

Web-ansvarleg og utviklar: Thore Hopperstad thore@melas.no

 

MELÅS AS

Postboks 53

6861 Leikanger

Tlf: 57 65 44 00

Fax: 57 65 44 01

E-post: thore@melas.no

 

 

 

Stiftar og eigar av selskapet:

Psykolog Per Steinar Melås

 

 

 

Kontaktperson:

Direktør Thore Hopperstad

Tlf 91 24 25 26

thore@melas.no